Skjørsand og Fusa Vassverk
  • Forside
  • Siste nytt
  • Vassprøver
  • Om oss
    • Retningslinjer
    • Vedtekter

Vedtekter

​Vedtekter for Skjørsand og Fusa Vassverk SA

​Revisjon 1, 17.04.2012
§ 1 Selskapsform og namn
Skjørsand og Fusa vassverk SA er eit samvirkeføretak organisert etter lov av 29.06.2007 om samvirkeføretak. Medlemmene har ikkje ansvar for føretaket sine plikter utover eventuelt betalt medlemsinnskot.

§ 2 Forretningsstad
Forretningskontoret er i Fusa Kommune.

§ 3 Verksemd og føremål
Skjørsand og Fusa vassverk SA har til føremål å driva vassverk for å skaffe vatn til husbruk, industri og anna bruk innan bygdene Skjørsand og Fusa i Fusa Kommune, så langt dette er forsvarleg.

§ 4 Medlemskap
4.1 Rett til å verta medlem
Ein kvar som har eigedom som kan knytast til vassverket utan uhøveleg store kostnader har rett til å verta medlem. Styret avgjer om kostnadene skal vurderast som uhøveleg store.

Medlemskap kan berre nektast dersom det er sakleg grunn for det.

Dei som ynskjer å verta medlemmer, teiknar seg på ein innmeldingsblankett utarbeidd av styret. Ved innmelding må medlemmane godkjenne og retta seg etter vedtektene for laget og dei lovlege vedtak som er gjorde av medlemsmøtet eller styret.

Søkjaren skal underrettast om utfallet av søknaden snarast mogeleg og seinast to – 2 – månader frå den dag søknaden ble motteken. Er ikkje søkjaren underretta innan to – 2 –månader er søknaden å sjå på som godkjend. Dersom søkjer vert oppteken som medlem, skal innføring i medlemsregisteret skje utan ugrunna opphald. Når medlem er innført i registeret, skal føretaket gi melding med kva opplysningar som er registrert om vedkommande.

4.2 Medlem sine rettar
Medlemmene har desse retter:

  1. Rett til å verta innkalla og møte i årsmøtet.
  2. Rett til å få saker opp på årsmøtet.
  3. Rett til å stemme når årsmøtet skal treffe vedtak.
  4. Rett til tilgjengelege opplysningar på årsmøtet frå leiinga
  5. Rett til å mota årsregnskap, årsberetning og revisjonsberetning
  6. Andre retter som følgjer av lov eller vedtekter.
​
4.3 Medlem sine pliktar
Medlemmane har desse pliktane:
  1. Plikt til å svara medlemsinnskot og årleg vassavgift i samsvar med vedtak fatta av styret.
  2. Plikt til å etterleve vedtak som er lovleg fatta av føretakets organ.
  3. Plikter som følgjer av lov eller vedtekter.
Pliktene for medlem gjeld frå den dag medlemmen er innført i medlemsregisteret, med mindre anna følgjer av lov eller vedtekter.

§ 5 Overgang og opphør av medlemskap
5.1 Overgang

Medlemskapen er knytt til den faste eigedom som har tilknyting til vassverket. Medlemskap følg eigedommen ved overgang til ny eigar, som overtek dei rettar og pliktar som medlem har. Ved seksjonering av bygning med fleire bu einingar skal det betalast medlemsinnskot for kvar bu eining, og eventuell ny eigar av seksjonert bu eining vert sjølvstendig medlem etter søknad.

Dersom eit medlem går ut av vassverket, må alt mellomverande mellom vassverket og medlemmen gjerast opp. Til oppgjeret er ordna står medlemskapen rettsleg ved lag. I særlege tilhøve kan styret gjera unntak frå dette. Medlemmen har ikkje krav på attendebetaling av eventuelt innbetalt medlemsinnskot.

5.2 Utestenging
Eit medlem kan ved skrifteleg påbod stengjast ute frå føretaket når medlemmen har krenkja føretaket ved vesentleg mishald eller når tungtvegande grunnar elles tilseier utestenging. Medlem som ikkje rettar seg etter vedtektene eller dei lovlege vedtak gjort i medlemsmøtet eller styret, eller som ikkje betaler eventuelt medlemsinnskot eller årleg vassavgift i rett tid kan få vatnet avstengd til tilhøvet er retta på, dersom ikkje tilhøva skriv seg frå vanskar som medlem ikkje er skuld i.

§ 6 Fordeling av kostnader og vedlikehald av leidningar m. v
Nye abonnentar må sjølv bera alle kostnadene med å etablere vassleidningen frå anvist
påkoplingspunkt og til påkoplings eining. Arbeidet skal utføres og godkjennast av autorisert rørleggar, som sender bekreftelse til vassverket når arbeidet er utført. Dette er en føresetnad for at vassverket skal overta drift og vedlikehald.

Vedlikehald av anlegg vert utført av vassverket fram til tomtegrense dersom leidningen er lagt etter tilvisning av vassverket og i henhold til godkjente dybde og masse. Medlemen har ansvar for å vedlikehalde sin egen utvendige stoppekran. Vedlikehald av vassleidningar til gardsbruk behandlast etter skjønn. Dersom eit medlem koplar seg til utan tilvising / løyve frå vassverket, gjeld ikkje fordelinga ovanfor, og medlemen kan i staden få eit straffe gebyr i henhold til reglar utarbeidd av styret

§ 7 Pliktar i samband med legging av stikkleidningar
Medlemane pliktar å varsle styret når dei skal leggje leidningar. Arbeidet med dette kan ikkje taka til før det er skrifteleg godkjent av styret.

Medlemmar pliktar å gjeva fri grunn over sine eigedomar for hovudleidning og stikkleidningar, når dessa vert lagt på den mest omsynsfulle måte. Grøfta skal vassverket ellar tiltakshavar lukka forsvarleg, og på dyrka mark skal den gjødslas og såast til med frø. Drensgrøftar som vert avskorne, skal koplast saman att på forsvarleg måte. Bevisleg skade vert erstatta.

§ 8 Styret
Skjørsand og Fusa vassverk SA har eit styre på 5 medlemar og 3 vararepresentantar, valde av årsmøtet. Leiaren vert vald ved særskilt val mellom dei valde styremedlemmene på årsmøtet. Styremedlemmane vert valde for 2 år. Medlemer kan sei frå seg attval i 2 år. Styret vel sjølv nestleiar. Vararepresentantane vert valde i rekkjefølgje (1 vara, 2 vara, 3vara) kvart år. Leiaren kallar samen til møte når leiaren finn det turvande, eller når minst tre av styremedlemane krev det for ei bestemt sak. Til gyldig vedtak vert det kravd at minst 3 av styremedlemane røyster for.

Eit styremedlem har rett til å tre tilbake før tenestetida er omme dersom særleg grunn ligg føre. Opphøyra verv for styremedlem før tenestetida er ute, skal resten av styret sørgja for val av nytt styremedlem for resten av tenestetida.

§ 9 Styret sine gjeremål
Styret skal drive Skjørsand og Fusa vassverk SA, og har desse oppgåver:
  1. Å gjeve reglar for bruk av vatn frå vassverket
  2. Å fastsetja medlemsinnskot, årleg vassavgift og gjeva reglar for innkrevjing av desse.
  3. Å gjeva drifts- og forretningsreglar.
  4. Å syta for at det vert sett opp ein ordentleg rekneskap.
  5. Tilsetja og seia opp tenestemenn, samt fastsetja løn, andre vilkår og instruks for desse.

Skjørsand og Fusa vassverk SA er rettsleg forplikta ved underskrift av leiaren. Styret kan melde prokura. Selskapet har ikkje sett det som nødvendig å tilsetje dagleg leiar og styreleiar dekkjar funksjonen.

§ 10 Årsmøtet
Årsmøtet er den høgaste myndigheit i Skjørsand og Fusa vassverk SA. Styret kan kalla saman til ekstraordinært årsmøte når det finn det turvande eller når minst 1/10 av medlemmene krev det for ei bestemt sak. Møta vert styrde av ein møtestyrar. Ekstraordinært årsmøte skal kallast inn på same måte som årsmøte.

Årsmøtet skal haldast kvart år innan utgangen av april månad, og skal innkallast med 14 dagars varsel med oppslag i bygda og ved annonse i lokalavisa.

I vanlege sakar har kvart medlem 1 røyst. Der ikkje anna er fastsett, vert alle vedtak gjorde med simpelt fleirtal. Ved likt røystetal har leiaren dobbelstemme. Står røystetalet likt ved val, vert dette avgjord ved loddtrekning. Det skal førast møtebok.

På årsmøte handsamar ein og gjer vedtak om:
  1. Godkjenning av innkalling
  2. Val av møteleiar
  3. Val av referent
  4. Val av 2 medlemmar til å underskrive protokoll
  5. Årsmelding
  6. Rekneskap
  7. Bruk av overskot, jf. pkt.11
  8. Val av styremedlemar med vararepresentant, jfr. Pkt.8
  9. Val av styreleiar
  10. Godkjenning av styrehonorar
  11. Val av to revisorar og 1 vararepresentant.
  12. Årsmøte utpeker valnemnd.
  13. Innkomne framlegg. For at desse skal kunne handsamast, må dei vera sende til styret innan 31. januar.
  14. Eventuelle andre sakar som etter lov eller vedtektene høyrar inn under årsmøtet.
  15. Sakar som ikkje står på sakslista og heller ikkje er sende styret innan 31.01, kan ikkje takast opp til vedtak, men bare til drøfting.

§ 11 Bruk av overskot
Overskot på drifta etter at rente og avdrag på skuld og tilsyns- og vedlikehaldsutgifter er betalte, skal setjast på konto til drift/vedlikehald og andre turvande utgiftar.

§ 12 Vedtektsendring
Framlegg til endring av vedtektene kan berre handsamast på årsmøte og krev 2/3 fleirtal.

§ 13 Oppløysing
Framlegg om å løysa opp Skjørsand og Fusa vassverk SA må vera sende styret seinast 1.desember året før årsmøte, og gjerast kjent for medlemmane minst 1 månad før møtet.

For å gjera lovleg vedtak om oppløysing vert det kravd at minst halvparten av medlemmane er til stades og at 2/3 av desse røystar for oppløysing. Møter ikkje mange nok, vert framlegget avgjort på eit nytt medlemsmøte, og då med simpelt fleirtal av dei som møter.

Vert det vedteke å løyse opp Skjørsand og Fusa vassverk SA, skal det veljast eit avviklingsstyre på 3 medlemmar og 2 vararepresentantar.

Styret vel sjølv leiar og nestleiar. Dette styret skal avvikle vassverket, selja eignelutar, krevja inn det ein har til gode og betala gjeld.

Etter at all gjeld og alle kostnader er dekka, har medlemmane på oppløysingstida rett til å få utbetalt sitt medlemsinnskot og inneståande på medlemskapitalkonto.
​
§ 14 Tvistar
Tvistar mellom Skjørsand og Fusa vassverk SA og medlemar skal med bindande verknad for begge partar avgjerast av ein voldgiftsrett på 3 medlemmar. Kvar av partane nemner opp eit medlem, med lensmannen i Fusa som oppmann. Dersom ein av partane ikkje har nemnt opp sin representant innan tre veker etter at varsel er motteke, nemner lensmannen også opp denne. Voldgiftsretten avgjer samstundes korleis utgiftene med voldgiftsretten skal delast på partane.
Til ein kvar tid er det PDF-utgåva som er gjeldande. Du kan laste ho ned her:
SFV sine vedtekter - revidert 2012 - PDF
File Size: 57 kb
File Type: pdf
Last ned fil

Drevet av Lag din eget unike nettsted med tilpassbare maler.
  • Forside
  • Siste nytt
  • Vassprøver
  • Om oss
    • Retningslinjer
    • Vedtekter