Skjørsand og Fusa Vassverk SA
  • Siste nytt
  • Om vassverket
  • Vedtekter
  • Vassprøver
  • Aktivitetskalendar
  • Skjema for innmelding
  • Kontakt

Årsavgifta 2022

30/9/2022

 
Årsavgifta 2022 
Vassverket har i desse dagar sendt ut faktura på årsavgifta for 2022, og du vil sjå at den er vesentleg høgare enn i fjor. Årsaka til dette er dei høge straumprisane. 
Styret gjennomførte eit ekstraordinært årsmøte 14.septemper kor auka straumprisar var tema, og dei frammøtte fekk ei grundig og god orientering om konsekvensane av auka straumprisar for vassverket. 
Det går mykje straum til å produsera reint og godt vatn. Årleg forbruk på renseanlegget er om lag 150.000kWh i året. Med den straumprien vassverket har hatt til no i år, og me kan forventa minst like høge prisar frametter, er styret nøydd til ta dette påslaget på årsavgifta for å unngå store underskott på drifta.  
Renseanlegget har me i lag med Strandvik og Vinnes vassverk og straumrekninga skal sjølvsagt delast mellom desse to vassverka iht forbruk. Skjørsand og Fusa vassverk sin andel av straumutgiftene i 2021 var kr 61.000. For 2022 forventar styret straumutgifter på minst kr250.000, som er ein auke på over 300%.  
Styret jobbar aktiv med å få ned straumutgiftene med å sjå kva forbetringar me kan gjera på renseanlegget.  Styret føljer også aktiv med på kraftmarknaden for å prøva å få dei beste straumavtalane. Men uansett må me rekna med høge straumutgifter frametter ei tid. 
 
Hans Vindenes 
Styreleiar ​

Comments are closed.

    ​

    Arkiv

    September 2022
    August 2022
    May 2022
    May 2021
    May 2020
    May 2019
    March 2019
    January 2019
    October 2018
    May 2018
    April 2017
    July 2016
    June 2016
    May 2016
    December 2015
    October 2015
    April 2015

    RSS Feed

Powered by Create your own unique website with customizable templates.